Verdscupen i alpine greiner 2008/Menn

Verdscupen i alpine greiner for menn i 2008-sesongen tok til 28. oktober 2007 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 15. mars 2008 i Bormio i Italia. Turneringa omfatta 40 renn og 41 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 11 slalåmrenn, 8 storslalåmrenn, 7 super-g-renn, 10 utforrenn, 4 superkombinasjonar og ei kombinasjonstevling, den siste basert på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.

Bode Miller frå USA vann FIS-pokalen for andre gong, tre år etter den fyrste triumfen. Benjamin Raich frå Austerrike kom andre- og Didier Cuche frå Sveits på tredjeplass.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in